Ein nasjonal kulturpolitikk for heile landet?

  • onsdag 23. juni
  • 12:00 – 13:00
  • Union hovedscenen
Se opptak

Arrangeres av:

Arrangør:
NOKU-Vestland
Vestland fylkeskommune arbeider no med den første regionale plan for kultur, idrett og friluftsliv for det nye fylket. Vestland har som mål å vere det leiande verdiskapingsfylket og ein nasjonal pådrivar for eit regionalisert og desentralisert Noreg. For kultur er difor Vestland som ein leiande kulturregion eit av dei sentrale tema i planarbeidet. Vi skal arbeide vidare med det saman med alle regionale aktørar på kulturfeltet, inkludert kommunane.

Vi er difor glade for at NOKU Vestland har invitert Vestland fylkeskommune til programmet under Kulturytring Drammen 2021. «Dette er ein ypparleg arena for å formulere og diskutere kulturpolitikk» seier Stian Davies, leiar hovudutval for kultur, idrett og inkludering. Han seier vidare at «vi ønskjer å utfordre og finne spenningane i nasjonal kulturpolitikk og utfordre staten på deira kulturpolitikk. «Sentrale spørsmål for Vestland er til dømes om det er rom for eit profesjonelt kulturliv utanfor Oslo, og korleis staten og fylkeskommunen kan samarbeide for å utvikle den nasjonale kulturpolitikken?» Saksordførar for regional plan, og nestleiar i hovudutvalet, Geir Kjell Andersland, vert sentral som koordinator i planarbeidet. Han spør om kvar regionreforma tok vegen og kva rolle den regionale kulturpolitikken skal spele? Dette vert sentrale tema for ei drøfting for heile kulturfeltet.
Medvirkende:

Emma Lind, statssekretær Kulturdepartementet (V)
Charlotte Spurkeland, H, stortingskandidat frå Hordaland Høgre
Odd Harald Hovland, AP, 2. stortingskandidat frå Hordaland Arbeidarparti
Erling Sande, SP, 1. stortingskandidat Sogn og Fjordane Senterparti

Moderatorar er Stian Davies, leiar hovudutval kultur, idrett og integrering Vestland fylke og Geir Kjell Andersland, nestleiar i same utval.

 

Foto: Ballet Mécanique, Merete Morgenstierne. Ingvild F. Melien

 

NOKU Vestland

NOKU Vestland er fylkeslag i Norsk kulturforum

Les mer

Meld deg på nyhetsbrev

Vær den første til å motta nyheter om arrangementer, nye initiativer, gode historier og programmet.