Kulturarv som sivil motstandskraft – beredskap for vår felles hukommelse

  • tirsdag 24. juni
  • 12:45 – 13:45
  • Drammen kulturhus | Hovedscenen

Arrangør: Riksantikvaren

Klimaendringar, krig og væpna konflikt kjem stadig nærare oss her i Noreg. Stat, fylke og kommune står ovanfor eit stort og komplekst arbeid med beredskap i åra framovar. I totalberedskapsmeldinga, som kom tidlegare i år, er kulturarv inne som eit viktig punkt, både som mål, middel og motstandskraft. Kysterosjon rammar kulturminne langs kysten, og
 
Med eit dystert utgangspunkt og store oppgåver står føre oss, kan det vere lett å miste motet. Men, rundt omkring i landet dukkar det opp gode initiativ og prosjekt. Under årets Kulturytring ønskjer vi å vise fram desse og diskutere følgjande spørsmål:
 
Korleis kan risiko- og sårbarheitsanalyser bidra til beredskap for kulturmiljø?
Kva for internasjonale lovar og reglar har Noreg forplikta seg til med tanke på beredskap?
Korleis kan Riksantikvaren, som nasjonal kordinator for Haag-konvensjonen, bidra til å styrke sivilsamfunnet sin motstandskraft?
 
I tida framover må vi løfte fram kvarandre og alle gode initiativ som er med på å styrke beredskapen. Bli med oss å bygge opp under dei gode initiativa som skal sikre kulturarven vår for framtida.

Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren

Meld deg på nyhetsbrev

Vær den første til å motta nyheter om arrangementer, nye initiativer, gode historier og programmet.