Kunst i skulen, er det viktig?

  • tirsdag 20. juni
  • 16:00 – 17:00
  • Multisal 2 Union

Arrangør: NOKU Møre og Romsdal

Debatten tek utspring i prosjektet «Verkstad da Vinci» som Ålesund kommune i samarbeid med Aggregat kunstnerfellesskap har utvikla for elevar og lærarar i 5. trinn.

Innleiingsvis vil det vere ein presentasjon av «gode ekspempler» med prosjektmedarbeider, Trine Smoor Isaksen.

Verkstad da Vinci er eit prosjekt for å styrke dei estetiske faga i skulen, og har blitt oppretta fordi ein kunne sjå konsekvensane av den synkande lærarkompetansen i dei estetiske faga. I prosjektet har det blitt utvikla og testa ut tverrfaglege pedagogiske opplegg der elevar og lærarar på 5.trinnet møter profesjonelle kunstnarar gjennom deltakande verkstadar.

Metodikken som har blitt utvikla i prosjektet har til hensikt å styrke både den kreative muskelen hos elevar og lærarar, samt dei estetiske faga sin status og rolle. På Verkstad da Vinci får elevane oppleve, og ta del i, avanserte kreative prosessar i «den virkelige verden», gjennom å møte profesjonelle skapande kunstnarar som arbeidar innan alle kunstformer.

Vi ønskjer å høyre politikarar og andre toneangivende personer sine tankar om dei estetiske faga si rolle i skulen, og sett i gong ein debatt avslutningsvis.

I debatten vil ein ta opp problematikk rundt dei estetiske faga sin plass i norsk skule, hovudsakelig på grunnskulenivå og barnetrinnet.

Når det i 2003 ikkje lenger var obligatorisk å velje ei estetisk fordjupning i grunnskulelærarutdanninga, så ser ein at denne kompetansen er på veg til å forsvinne ut av skulen, og lærarkompetansen i dei estetiske faga er på eit kritisk lågt nivå.

Spørsmålet er om det er viktig at barna våre får opplæring i estetiske læringsprosessar og den norske kulturarven? Og er det skulen sitt ansvar?

Nærmare detaljar som namn på deltakarar i debatten vil bli lagt til når arrangementet nærmar seg.

Foto: NOKU Møre og Romsdal

Meld deg på nyhetsbrev

Vær den første til å motta nyheter om arrangementer, nye initiativer, gode historier og programmet.