Oppvekstreforma – utan kultur?

  • onsdag 21. juni
  • 09:00 – 10:00
  • Biblioteket 1. etg

Arrangør: NOKU Vestland

Oppvekstreforma 2022 skal gi meir ansvar til kommunane på barnevernsområdet. Grunnpilarane er førebygging og tidleg innsats, heilskapleg tenestetilbod, samarbeid på tvers av sektorar og på tvers av kommunar.

KS uttaler 19.11.21: En nasjonal helhetlig oppvekstpolitikk utviklet i felleskap mellom staten og KS på vegne av kommunesektoren bør utformes gjennom en strategi som omfatter både de universelle arenaene som barnehage og skole er, men også tjenester som barnevern, PPT og helse- og sosialtjenester. En slik oppvekstpolitikk bør også omfatte samarbeid med frivillig sektor og andre aktører.

Er dette ein typisk inngang til forståinga av tverrfagleg arbeid opp mot barn og unge, der kultursektoren vert gøymt?

Korleis skal kommunane sikre godt tverrsektorielt samarbeid når halvparten av barna si livsverd vert haldt utanfor – altså alt som føregår på fritidsarenaen.

Kultursektoren sit med mange løysingar innan møteplassar, inkluderande aktivitet og demokratibygging. FN sitt berekraftsmål 17 – samarbeid for å nå måla er sentralt. Det same er inngangen til sosial berekraft, tanken om at ingen skal utelatast.

Kan ein lukkast med oppvekstreforma utan kultur? Korleis kan den kommunale kultursektoren involverast? Og korleis dra inn dei frivillige organisasjonane i arbeidet?
 
 
Dei som deltek i debatten er:

Geir Kjell Andersland, Barnerettsjurist, forfattar og kulturpolitikar. Han er no nestleiar i hovudutval for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune. Han har brei erfaring frå både kulturfeltet og barne og ungdomsfeltet. Tidlegare kulturbyråd i Bergen, fylkesnemndleiar og regiondirektør i Bufetat. Var medlem av Barnelovutvalget( NOU 2020: 14) og Særdomstolsutvalget ( NOU 2017:8).

Kristin Holm Jensen, Avdelingsdirektør for oppvekst, kultur og utdanning i KS – kommunesektorens organisasjon. Medlem av Nasjonal koordineringsgruppe for barnevernsreforma. Ho er statsvitar og tidlegare statssekretær i Kommunal- og Moderniseringsdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Finansdepartementet. 

Vibeke Johnsen, Varaordførar Sogndal kommune. Ho har vore leiar i Sogn og Fjordane SV, landsstyremedlem og nestleiar i Kvinnepolitisk utval i SV. Ho er kvinnepolitisk ansvarleg og styremedlem i Vestland SV. Ho har vore nestleiar i Distriktshøgskulestudentenes landsforbund, leiar i SAIH (studentenes og akademikernes internasjonale hjelpefond), oppteken av internasjonal solidaritet og er styremedlem i Stiftinga krisesenteret i Sogn og Fjordane.

Trygve Apeland, Kommunedirektør i Time kommune og utdanna barnevernspedagog med vidareutdanning innan administrasjon og leiing. Apeland har lang praktisk erfaring frå både institusjonsbarnevernet og kommunalt barnevern, med anna 12 års erfaring  som barnevernssjef i Sandnes kommune. Apeland har også vore kommunalsjef for oppvekstområdet i Time kommune, med ansvar for m.a.  barnevernstenesta Han er medlem av Nasjonal koordineringsgruppe for Barnevernsreforma og medlem i barnevernsutvalet som la fram NOU 2023:7 «Trygg barndom, sikker fremtid».
 
Hilde Bjørkum, kommunalsjef kultur og idrett i Sunnfjord vil vere moderator for debatten. 

Bjørkum var direktør for Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, den største festivalen i sitt slag i Skandinavia, sidan oppstarten for festivalen i 1989 til oktober 2018. Ho har røynsle frå organisasjons- og kulturarbeid både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Ho har og har hatt ei rekke verv og oppdrag innan norsk og internasjonalt kulturliv, m.a. for Norsk Kulturråd, Nordisk Musikkomité, Music Norway, Kulturdepartementet, EU’s Kulturprogram og Womex. Ho har vore leiar i Rådet for folkemusikk og folkedans, styreleiar for Norske Festivaler, styremedlem for Norges Musikkhøgskole og president i European Forum of Worldwide Music Festivals. Bjørkum har òg vore aktiv musikar og dansar som saman med dansepartnaren har vunne eliteklassen på Landskappleiken tre gonger og har motteke Kongepokal I 2020 vart ho tildelt Kongens fortenestemedalje for sitt arbeid innan kunst og kulturfeltet nasjonalt og internasjonalt.

Foto: Kari M. Svanberg

 

Meld deg på nyhetsbrev

Vær den første til å motta nyheter om arrangementer, nye initiativer, gode historier og programmet.