Fire stemmer frå vest, ei fele og ein gitar

  • mandag 23. juni
  • 18:30 – 19:30
  • Comfort Hotel Union Brygge | Hotellscenen

Arrangør: Falturiltu

Forfattarane Agnes Ravatn og Ruth Lillegraven har begge flytta heim – Agnes til Sveio, Ruth til Granvin. Og latt storbystøv og støy bli att i Oslo, saman med forleggarane. Korleis er det å skriva på bygda? Kvar skal ein henta inspirasjon frå, og kven skal ein kverulera med?

Agnes Ravatn og Ruth Lillegraven har skrive seg inn i hjarta til lesarar i heile landet – med romanar, krim, essay, lyrikk og barnebøker. Denne kvelden møtest dei på scena i eit samspel der humor og alvor går hand i hand. Det blir snakk om by og bygd, venskap og uvenskap, skriveglede og skrivesperre – i salig blanding.

Den prisløna journalisten og forfattaren Kjersti Mjør leiar samtalen, medan plateaktuelle Annlaug Børsheim gjev fagert tonefylgje.

Arrangementet er i samarbeid med Falturiltu – nynorsk litteraturfestival.

Foto av Agnes Ravatn: Line Omland Eilevstjønn
Foto av Annlaug Børsheim: Per Finne
Foto av Ruth Lillegraven: Ann Sissel Holte
Foto av Kjersti Mjør: Arne Flatin

Meld deg på nyhetsbrev

Vær den første til å motta nyheter om arrangementer, nye initiativer, gode historier og programmet.