Frie eller bundne hender – kulturleiing i krisetider

  • mandag 23. juni
  • 13:45 – 14:45
  • Union scene | Multisal 1

Arrangør: NOKU Vestland

Korleis kan kulturleiarar skapa gjennomslag i krevjande tider?

Når budsjetta strammast inn, får kultursektoren ofte kjenna kutta på kroppen. Likevel ser me store skilnader mellom kommunar – nokre prioriterer, medan andre knapt held seg flytande. Kva ligg bak denne ulikskapen? Er det strukturelle forskjellar, sterke eldsjeler, eller handlar det om politisk vilje?

Samtidig blir mykje av kulturleiaren si tid brukt på brannslokking. Korleis kan ein på same tid skapa utvikling? Kan gode medverknadsorgan, som kulturråd og frivillige kulturnettverk, styrka sektoren lokalt?

Leiarskap i kulturfeltet krev strategi og gjennomslagskraft – men kven lukkast? Den lojale administratoren, eller den som tør å utfordra systemet?

Forvaltninga snakkar varmt om verdien av ein sterk lokal og regional kultursektor, men har me dei rette verktøya til å sikra den? Den globale uroen i samtida vår har vist at kultur er meir enn underhaldning – det byggjer fellesskap, samhald og ytringsrom. Tek lokale politikarar ansvar for denne samfunnsrolla?

Dette blir ein samtale om strategi, påverknad og leiing i ei tid der kulturfeltet stadig må kjempa for plass – og for framtida.

Med: Bjørgulv Vinje Borgundvaag (H), m.fl.

Meld deg på nyhetsbrev

Vær den første til å motta nyheter om arrangementer, nye initiativer, gode historier og programmet.