Klimaperformance: Bodil Rørtveit
- tirsdag 20. juni
- 19:00 – 19:30
- Bærekraftscenen
Arrangør: Syv mil og Norsk kulturforum
Artist Bodil Rørtveit har dei siste åra gjort seg bemerka som ein uttrykksfull, særegen vokalkunstnar med stor stemme. Ho krysser gjerne sjangergrenser frå folkemusikk til verdensmusikk, kunstmusikk og jazz, og lagar vokalorkester med sin Loop station. Menneskets forhold til naturen står sentralt i prosjekta hennar, og målet hennar er å lage musikalske konsept og totalopplevingar som både gir ei kjensle av nærvær og fellesskap – med eit ønske om at vi saman skal handle til det beste for planeten og menneskeheten.
Rørtveit samarbeidar ofte med scenekunstnarar i prosjekta sine, blant anna i konsertforestillinga Sustain der alle instrument var laga av plastsøppel (urframført på Festspillene i Bergen, og seinere i orkesterversjon med Bergen Filharmoniske Orkester). Våren 2021 hadde ho premiere på Det Vestnorske Teateret som komponist og utøvar på soloforestillinga “RØYST – eller Bodil sluttar med innestemme”. Under Festspillene i Bergen 2021 gjorde Rørtveit det kritikarroste konseptet sitt; “Hengekøyekonsert”, der publikum lytta til musikken og fuglesang i hengekøyer i skogen. Hausten 2023 er ho aktuell med turné med solokonserten «Vokalise for den blå planeten» – ein vokal hyllest til den vakre planeten vår.
Foto: Jørn Lavoll