Kva gjer Norsk Forfattersentrum?

Vi formidlar forfattarar til opplesingar, bokbad, foredrag, skrivekurs, skulebesøk og mykje anna. Viktige oppdragsgjevarar er bibliotek, skular, offentlege institusjonar, bokbransjen, organisasjonar og næringslivet.

Dei største arrangementa våre er Dei Litterære Festspela, Forfattarsleppet, Æ Å Trondheim litteraturfestival, Forfattarforelesinga, Litteraten og regionale bokdagar. Vi tilbyr òg skrivekurs, formidlingskurs og ei rekkje andre arrangement.

Norsk Forfattersentrum er ein viktig aktør for litteratur i Den kulturelle skulesekken. Difor samarbeider vi med fylke og kommunar om eit best mogleg litteraturtilbod til barn og unge. Forfattersentrum eig Litteraturbruket, eit kompetansesenter for litterære produksjonar.

Norsk Forfattersentrum står for levande formidling av samtidslitteraturen.

Gå til nettside

Meld deg på nyhetsbrev

Vær den første til å motta nyheter om arrangementer, nye initiativer, gode historier og programmet.